Hopp til hovedinnhold
Bestill

Sunnfjordruta har blitt eit fenomen, og turen vil bli gjennomført med profesjonelle guider, overnatting og mat undervegs.

Kvar startar Sunnfjordruta?

Turen startar frå Jølstraholmen Camping & Hytter som ligg på Vassenden rett utanfor Førde.

Praktisk om turen

Då turen innebærer fleire lange dagar i fjellet, er det nødvendig med god fysisk form og erfaring på ski. Videre er det verdt å nevne at vær, vind, og skredfare kan medføre endringar i ruta. Dette vurderast fortløpende av erfarne guidar, som også er med på turen frå start til slutt. I løpet av turen tilbringer vi mesteparten av tida med ski på beina, men det vil også kunne bli noko gåing med skia festa på sekken. Gåinga vil være i form av transportetapper.

Turbeskriving Sunnfjordruta

Ankomstdag - Jølstraholmen

Den første dagen brukes til å bli litt kjent, ete kvelds saman og ta ein prat om turen,. Saman med guiden ser de litt på kartet, planlegger ruta, pakkar sekken og gjer klart utstyr, før de kryper til sengs.

Dag 1, etappe Dvergsdalen - Salsegga - Sægrov - Kjøsnesfjorden

Ca. 9 km på ski med 800 hm stigning

Transport til Dvergsdalsdalen kor turen startar. Her går de over Salsegga og får ein fin nedfart ned til Kjøsnesfjorden. Utsikta på toppen er einestående, med høge fjell og djupe fjordar over alt kor du vender blikket. Det er også tid til ein litt lengre lunsj om været tillater det. Transport tilbake til Jølstraholmen og varm sauna ventar, for den som ønsker dette.

Dag 2, etappe Skei - Storaksla - Bjørga - Befringsdalen - Stardalen

Ca. 22 km på ski med 1300 hm stigning

Transport til Skei så langt opp det er mulig å køyre. Her må ein gå opp ein grusveg til snøgrensa, der startar oppstigninga til Storaksla. Dette er ein lang dag kor ein held eit godt tempo. Samtidig er terrenget spennande med mykje variasjon, og ikkje minst ei fantastisk utsikt oppe på Bjørga, med utsikt til både Jostedalsbreen, Myklebustbreen og Grovabreen. Vel nede blir det transport tilbake til Jølstraholmen og varm sauna ventar for den som ønsker å bearbeide ømme musklar.

Dag 3, etappe Stardalen - Veiteberg - Snønipa - Haugadalen - Stardalen

Ca. 22 km på ski med 1500 hm stigning

Transport til Stardalen. Dagens mål er Sunnfjords juvel og høgaste topp, Snønipa. Turen er lang og går delvis over bre. Utstyr for å ferdast på bre får ein utlevert. Vel nede igjen får dykk transport tilbake til Jølstraholmen, deretter heimreise.

Om ein vil forlenge oppholdet med ei ekstra natt på Jølstraholmen er dette mulig for kr 800 ekstra pr person.

Om ein er ei gruppe og vil utvide med ein ekstra dag med aktivitet eller tur, er dette også mulig. Ta kontakt med Jølstraholmen, så finn dei det beste opplegget for deg og di gruppe.

Kjøp av plass er bindande

For booking av tur eller andre spørsmål, ta kontakt med kristine@jolstraholmen.no
telefon: 95 29 78 79

BreogFjell er guide på turen

Om ein er ein vennegjeng / gruppe på 6 personar kan ein bestille denne turen privat, få eigen guide og eige opplegg. Ta kontakt med kristine@jolstraholmen om det er av interesse.

Hvor er Sunnfjordruta?