Sunnhordlandstunet ligg flott til i Vidstenparken i Leirvik. Her er det spennande utstillingar og eit flott museumstun med kulturhistoriske bygningar frå heile Sunnhordland. Her kan du sjå nærare på museet sitt eldste bygg, Aadlandstova, som er rekna å væra frå om lag 1400. Her finn du også ei røykstove frå 1500 talet, ei glass og lemstove frå 1650 i tillegg til smie, eldhus, krambu, og løe.
I sommarsesongen er det daglege omvisingar på tunet - elles kan du ta kontakt med museet for bestilling av omvising.
Utstillingar på Sunnhordlandstunet
Det starta med silda
Utstillinga syner kva fiskeri har hatt å seie for utviklinga av industri og maritimt næringsliv i Sunnhordland frå 1900 og fram til i dag, med særleg vekt på silda.
Tekstilutstilling
I tekstilutstillinga på Sunnhordlandstunet finn du mellom anna vevar, folkedrakter, bringedukar og andre bunadsdeler frå Sunnhordland. I tillegg er det utstilt ein oppstadvev med renning, og mange flotte grindvevar i tre. Her kan du få prøve deg både på båndveving og karding av ull.
Opningstider
Tysdag – fredag 11:00 – 15:00.
I sommarsesongen: følg med på nettsida til Sunnhordland Museum for opningstider om sommaren.
Opne arrangement på ettermiddag, kveldstid og i helger vert annonsert på nettsidene til museet og i sosiale media.
Escaperommet har ledige tider på førespurnad, ta kontakt med museet på e-post eller telefon!
Sommarope 2025
21. juni - 17. august.
Ope tysdag – sundag: kl. 11:00 – 16:00
Sunnhordland escape
Med historia om den siste heksebrenninga i Sunnhordland som bakteppe har Sunnhordland museum utvikla eit eige escape room på Sunnhordlandstunet. Saman med venner, familie eller kollegaer løyser du kodar og gåter slik at de kan redde "Margaret Larsdotter" frå å bli dømd som heks. De vert lukka inn i eit eige rom. Tida renn og adrenalinet kokar. Klarar de å samla dei vitnemåla som skal til for å frikjenna Margaret, og få levert dei i tide?
Rommet høver for 3-6 personar. Anbefalt for 16 år og oppover, eventuelt familiar med born frå 10 år.
Ta kontakt på e-post eller telefon med Sunnhordland Museum for å booke tid i escape-rommet!