Hopp til hovedinnhold

Svarteholten 1140 moh/ Sogndal

Nordsida til Svarteholten er nok den mest brukte toppturen frå Sogndalsdalen. Grunnen til det er gjerne den lettkøyrde skogen under holten og at det er ein fin tur når det er dårleg sikt, eller dårleg ver i høgfjellet.

Opptur: Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind på høgre hand. Rett etter grinda dreiar du oppover mot Svarteholten. Kring 800 moh blir det brattare, skrå mot aust slik at du kjem aust av Svarteholtryggen. Fortsett til kring 880 moh, drei deretter mot vest og gå opp på Svarteholtryggen i lågaste punktet. Følg ryggen til toppvarden på Svarteholten.

Ned nordsida av Svarteholten E1, LV

Nedturen følgjer oppturen. Følg ryggen eit stykke før du sklir i austlege retning, og følgjer dalen som ligg aust av ryggen. Etter dal formasjonen kjem du ned i ein fin og open skog.

Fakta:

Tid opp/ned:

2-4 timar

Sesong:

desember – mai

Farar:

Fjernutløyse skred på austsida av Svarteholtryggen

Lengde ned køyring:

720 høgdemeter og 2,7 kilometer

Brattaste punkt:

30 grader i 120 høgdemeter (780-900 moh)

Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjer, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ei risiko.

Ned vestsida av Svarteholten E1, GV

Frå toppunktet sklir du ned i lågaste punktet mot bollen under Blåfjell. Herifrå dreiar du mot nord flanken på Blåfjellet. Følg denne i vestleg sektor og hald høgda slik at du kjem ut att nedanfor Svarteholten og treff myrene. Derfrå er det tilbake til parkeringa.

Når: februar – mai

Farar: skred

Brattaste punkt: 30-33 grader i 60 høgdemeter (1080-1020 moh) og 34-35 grader i 100 høgdemeter (900-800 moh)

Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25-30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverka grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ei risiko.

Kjelde: Friflyt.no

 

    Kontakt

    Adresse:
    • Gunvordal, Selseng
    • 6856 Sogndal
    Telefon:
    E-post:
    Nettside:
    www.friflyt.no/topptur/skiturer-sogn/turbeskrivelse-svarteholten

    Grønne sertifiseringer

    Svarteholten Topptur Sogndal har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
    • Green KeyGreen Key
    Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

    Hvor er Svarteholten Topptur Sogndal?