Øykommunen Solund er ideell for sykling. Med utgangspunkt i kommunesenteret Hardbakke anbefaler vi å sykle nordover langs det idylliske Liasundet. På turen passerer du grendene Lia, Råke og Strand før du til slutt kjem til Avløyp. Der kan du ta ein tur til "solnedgangsbenken", som ligg rett ved vegen. Flott utsyn utover Lågøyfjorden. Du kan og raste i Lauvvika, der det er ei fin fjære. Vegen er relativt flat og lettsykla.

Det er ca. 11 kilometer ein veg og turen vil ta ca. 1,5 time tur/retur i moderat tempo. Det er ingen butikkar langs denne ruta, så hugs å ta med niste. 

Verdt å få med seg medan du er i Solund:

- Topptur på Ramnenipa ved Hardbakke - Topptur til Pollatinden - Fyrsafari til Utvær - Skafferiet, restaurant og pub i Hardbakke - Frå Nåra går det rutebåt til Mjømna, Skjerjehamn og Eivindvik i Gulen kl.18.30 (DX67), ankomst Eivindvik 19.45. Stopp på Mjømna eller Skjerjehamn må førehandstingast seinast 2 timar før avreise, tlf. 91882600.

Frå Hardbakke kan du ta bussen til Krakhella, og ekspressbåten videre til bl.a. Askvoll, Florø, Rysjedalsvika, Mjømna, eller Bergen.

 

Kontakt

Adresse:
  • 6924 HARDBAKKE
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Sykkeltur Hardbakke - Avløyp?