Hopp til hovedinnhold

Sylteormen – avtrykket etter sjøormen i Valldal

Dersom du står på kaia i Valldal, eller du er ute i kajakk på fjorden, så kan du sjå eit slangeaktig merke i fjellsida ved fjorden. Dette vert kalla Sylteormen, og segnet seier at det var kong Olav Haraldsson – også kalla Heilag Olav som kasta ormen opp i fjellet så det vart eit avtrykk av sjøormen.

Olav Haraldsson og Sylteormen

Olav Haraldsson er kjent for å ha samla Noreg til eitt rike og innført kristendomen. Etter eit nederlag mot danske og norske høvdingar i 1028, måtte han flykte. Han segla til Sunnmøre, innover til Valldal og Sylte, og flykta så austover mot Sverige og det som no er Russland.

Soga seier at då han segla innover Storfjorden vinteren 1029, og nærma seg Valldal, steig eit uhyre opp frå djupet. Ein sjøorm så stor og vill at sjølve fjorden skalv. Ormen kasta seg mot skipa for å hindre Olav i å nå land, men Olav lét seg ikkje knekke. Han greip ormen med ei åre, kjempa til han vann, og kasta sjøormen opp i fjellveggen der den sette seg fast. Merket etter kampen kan du enno sjå på sida av Syltefjellet i Valldal. Du ser merket tydeleg frå sentrum i Valldal. I sogene blir Olav sine møte med ormar tolka som symbol på dei indre og ytre kampane han kjempa – for tru, makt og framtid. Olav døde under slaget på Stiklestad i 1030.

Valldalsleia - ein pilegrimstur i fotspora til Olav

Soga fortel at Olav drog skipa sine på land i Valldal og tok vegen over fjellet mot Lesja og Dovre. Denne ruta dannar grunnlaget for Valldalsleia – ei fluktrute for kongen, men ein flott fottur som du kan gå med til dømes guideselskapet Ræin.
Valldalsleia går frå Valldal til Dovre, og derifrå kan ein følgje Gudbrandsdalsleia til Trondheim og Nidarosdomen.

Det vart reist eit kors etter Olav på høgda over Sylte som har fått namnet Korsbrekka. Korset finn ein enkelt ved å følgje Valldalsleia frå sentrum.

Kontakt

Adresse:
  • Skateflukaia
  • 6002 Ålesund
Telefon:
+47 70 30 98 00
E-post:
info@visitalesund.com
Nettside:
www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/valldal

Hvor er Sylteormen i Valldal