Hopp til hovedinnhold

Introduksjonskurs i topptur og skredtryggleik

Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande ferdigheiter for å ferdast trygt i fjellet med toppturski eller splitboard. Du lærer korleis utstyret fungerer, teknikkar for motbakkegange og grunnleggjande skredtryggleik.

Innhald i kurset:

  • Gjennomgang av nødvendig toppturutstyr (ski, feller, stavar, støvlar)
  • Skredutstyr: kva du treng og korleis du brukar det
  • Kameratredning
  • Skiteknikk og ruteval
  • Grunnleggjande skredkunnskap

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som har god skiferdigheit frå før og ynskjer å prøve topptur. Det vert ikkje fokusert på lange turar med mykje høgdemeter, men heller på å lære å bruke utstyret og grunnleggjande ferdigheiter for trygg ferdsel i fjellet. Vi legg likevel opp til å få nokre fine svingar!

Praktisk informasjon

Kurset går føre seg i området Valldal-Stordal, under ein time frå Ålesund, og varer ca. 6 timar per dag. Både skikøyrarar og splitboardarar er velkomne!

Er du usikker på om dette kurset passar for deg? Ta kontakt med Ræin for ein uforpliktande prat.

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Ræin Adventures

Se alle tilbudene til Ræin Adventures

Priser

Fra:
NOK 1 650

Kontakt

Adresse:
  • Sjoavegen 21
  • 6213 Tafjord
Telefon:
+47 930 14 845 / 485 06 002
E-post:
kontakt@raein.no
Nettside:

Fasiliteter

Med guide:
Sesong:
  • Vår
  • Vinter

Hvor er Topptur for nybegynnere med guide