Stad

Valen (Handeland)

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Handeland gard.

Parkering

Kjør til Handeland gard sør for Valen, og gjennnom gardstunet til P-plass i skogkanten bak garden.

Merking

God grusveg utan merking. Informasjonstavle ved P-plassen.

Gradering

Grøn. Ein sjeldant fin turveg for barnevogn og motorisert rullestol.

Høgdeskilnad

80 – 110 moh.

Tidsbruk

1 time t/r.

Gode råd

Ein tur for samtale og meditasjon.

Turomtale:

Flott tur innover Handelandsdalen langs den stilleflytande elva til Feto med ope grillhus. Turen eignar seg for både dei minste og dei eldste. Rullestol: Vegen langs elva og inn til Feto har fast grusdekke, og er svært godt eigna for elektrisk rullestol. Det er ein bom i starten, men denne kjem ein lett rundt.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

Kontakt

Adresse:
  • 5451 Valen
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Tursti i Handelandsdalen?