Hopp til hovedinnhold

Stad

Sunde

Turkart

Folgefonna nasjonalpark. Topografisk kart Norge 1 : 50000 blad 1214 IV – Husnes.

Start- og sluttpunkt

P-plass der skogsvegen startar ved enden av Vardhaugvegen på Bjelland.

Parkering

Køyr over brua i Sunde sentrum og mot høgre fram til vegkryss som er skilta mot venstre til Bjelland. Følg Bjellandsvegen til første sideveg til høgre på bakketopp, Vardhaugvegen. Ved enden av Vardhaugvegen, gjennom eit lite bustadfelt, er det P-plass for 3-4 bilar der skogsvegen startar.

Merking

Informasjonstavle ved start. Skilt, raudmåla merke og merkestikker.

Gradering

Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 0 - 50 moh. Tidsbruk 1,5 timar.

Gode råd

Turen går i fint skogsterreng på skogsveg og sti, men det kan vera vått i enkelte parti. Alternativ rute i starten: Frå tømmeropplagsplassen ca 200 meter etter P-plassen, kan ein alternativt gå merka rute til venstre om den gamle husmannsplassen Holo. Legg merke til dei fine murane og tenk på slitet den gongen. Denne ruta kjem attende til hovudruta, sjå turomtale.

Turomtale

Etter 1 km på skogsveg frå parkeringsplassen går stien til venstre inn i skogen. Ytst på Bjellandsneset ligg gravrøysa Storarøyso frå bronsealderen. Vidare går ein framom Krabbhopen i Åskesvikjo, som er ein fin raste- og badeplass, og attende til skogsvegen og parkeringsplassen. Dette er ein idyllisk rundtur i typisk vestnorsk skogsterreng, i nærkontakt med Husnesfjorden.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

Kontakt

Adresse:
  • 5450 Sunde i Sunnhordland
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Total stigning:
  • 50m
Terreng:
  • Kystområde
  • Skogsområde
Underlag:
  • Sti

Hvor er Tursti til Bjellandsnes?