Stad

Herøysundet.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Ved Grendahuset i Bringedalsbygda.

Parkering

Ta av frå rikgsvegen i nord eller sør og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda.

Merking

Informasjonstavle ved start. Skilta og T-merka.

Gradering

Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet

Høgdeskilnad

50 – 330 moh.

Tidsbruk

2 timar t/r.

Gode råd

Ein kan treffa på storfe på ei kort strekkje mellom Brakhaug og Ørnnipen, vis omsyn. Sjå under turomtale om alternativ nedtur.

Turomtale

Følg hovudskogsvegen frå Grendahuset 500 meter delvis bratt opp lia til vegen flatar ut ved skogsvegskilje. Ta til venstre ved skilt mot Brakhaug og følg skogsvegen 200 m til ei bru. Like etter brua svingar stien til Brakhaug opp til høgre frå skogsvegen. På Brakhaug er det bord og benker, utsikt over bygda og Onarheimsfjorden. Stien vidare til Ørnnipen går over på skogsveg som ein følgjer 500 meter fram til stien som fører litt ned og deretter opp på Ørnnipen. Her er også bord og benker, utsikt mot Rosendal, Tysnes og Stordfjella. Som alternativ retur kan ein gå ruta som kjem ned i Bringedalsbygda 500 meter nord for parkeringsplassen ved Grendahuset. Stien går etter kvart ned ein bratt skogsveg. Ta til høgre 30 meter før bekk, over eit gjerde, og ned til bygdevegen.

Sjå oppdatert turskildring på ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5462 Herøysundet
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Brakhaug og Ørnnipen?

Fjord Norways sekundærlogo