Stad Sunde. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Topografisk hovudkartserie - M711, blad 1214 IV – Husnes. Start- og sluttpunkt Ved rundkjøringa før inngang til Halsnøytunnelen, "Podlen". Parkering Ved rundkjøringa før inngang til Halsnøytunnelen, "Podlen". Merking Raudmåla merke og skilt. Gradering Fenafjell: Grøn. Lett, ein støvel etter DNT-systemet. Kaldestadåsen: Blå. Moderat, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad Fenafjell: 20 – 160 moh. Kaldestadåsen: 20 – 271 moh. Tidsbruk Fenafjell: 1 time t/r. Kaldestadåsen: 2 timar t/r. Gode råd Ved hjelp av kart og fantasi er det mogeleg å leggja opp interessante rundturar i Kaldestadåsen, med alternative opp- og nedgangar. Turomtale Følg vegen frå P-plassen 50 meter opp mot venstre (vest), der stien går inn i skogen. Første delen går i flatt lende, delvis på tilgrodd skogsveg fram til stidele med skiltsøyle. Litt bratt opp til Fenafjell med uventa vidt utsyn over Sunde og store deler av Sunnhordland-bassenget. Herfrå kan ein gå vidare til Kaldestadåsen. Stien frå skiltsøyla direkte til Kaldestadåsen er delvis bratt, før flatare lende innover til gapahuken på toppen med utsyn over Husnes og Husnesfjella.

Kontakt

Adresse:
  • 5450
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Fenafjell?