Stad

Herøysundet.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Ved skogsvegen 50 meter sør for Herøysundet vassverk.

Parkering

Ta av frå riksvegen i nord eller sør og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda. Det er bilveg til vassverket, men vanskeleg å parkera langs vegen.

Merking

Informasjonstavle ved start.

Skilta og T-merka frå skogsvegen 50 meter sør for Herøysundet vassverk.

Gradering

Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

50 – 440 moh.

Tidsbruk

3 timar t/r.

Gode råd

Ruta går på god skogssti som enkelte stader kan vera noko myrlendt. Den skilta og merka rundturen om det idylliske Hellvikvatnet kan anbefalast, der er stadvis noko brattare.

Turomtale

Frå P-plass ved Grendahuset 500 meter sørover langs hovudvegen til skilt som viser opp gardsvegen til venstre. Herfrå 500 meter til start for den merka ruta like over elva ved vassverket. Turen går slakt oppover i fint skogsterreng som etter kvart flatar ut, før siste korte strekkja opp over berga til varden. Gråskallen er den snaue skolten over Longgoto mellom Husnes og Herøysundet, med stor varde på toppen. Mange vert overraska over korleis Husnesområdet tek seg ut frå denne kanten. Få stader får ein etter lite slit så godt utsyn mot øyar og fjordlandskap på vest- og nordsida av Hardangerfjorden. Her kan ein nyta eit panorama frå Varaldsøy til Halsnøy og havet.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5462 Herøysundet
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Gråskallen?