Hopp til hovedinnhold

Stad

Halsnøy, Høylandsbygd.

Turkart

Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Start-og sluttpunkt

P-plass på Berhaug, til venstre for hovudvegen mot Mjelkevik.

Parkering

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. Følg hovudvegen forbi Høylandsbygd mot Mjelkevik. Om lag 200 meter etter oppkøyringa til Hauge skule, ta til venstre ved P-skilt for Radiohola og parker der. OBS: Gjer vel og parker slik at gardsvegen er framkomeleg for traktor.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. Skilta og T-merka.

Gradering

Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

20 - 272 moh. til Jamburfjell. 20 - 291 moh. rundløype om Ramnakulten.

Tidsbruk

2 timar t/r Jamburfjell. 3 timar rundløype om Ramnakulten.

Gode råd

Ein del blaute parti, bruk eigna sko. Ta deg god tid for å oppleva historia ved Radiohola.

Turomtale

Gå over hovudvegen frå P-plassen og følg skilting til Radiohola. Frå Radiohola går stien opp sørvest til Kolheller. Skilt med informasjon på staden. Følg stien vidare til stidele med stien frå Hauge til Jamburfjell. Som alternativ retur frå toppen til P-plassen kan ein følgja stien ned til Hauge i staden for om Radiohola. Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein følgja stien sørover 1 km til Ramnakulten. Dette er høgste punktet på Halsnøy med sine 291 moh. Herifrå kan ein gå tilbake samme vegen 500 meter, og så ta stien til høgre ved skilt direkte ned til P-plass. Sjå også omtale for Ramnakulten.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5457 Høylandsbygd
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
Total stigning:
  • 271m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Terreng:
  • Skogsområde

Hvor er Tursti til Jamburfjell?