Stad Sunde. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Topografisk kart Norge blad 1214 IV – Husnes. Start- og sluttpunkt Ved rundkjøringa før inngang til Halsnøytunnelen, Podlen. Parkering Ved rundkjøringa før inngang til Halsnøytunnelen, Podlen. Merking Informasjonstavle ved start. Raudåla merke og skilt. Gradering Blå. Moderat, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 20 – 271 moh. Tidsbruk 2 timar t/r. Gode råd Dersom ein vil gå turen som ein rundtur, kan ein gå ruta om Fenafjell. Her er også fleire alternative opp- og nedgangar. Sjå rutekartet og bruk fantasien for å leggja opp interessante turar. Turomtale Følg vegen frå P-plassen 50 meter opp mot venstre (vest), der stien går inn i skogen. Første delen går i flatt lende, delvis på tilgrodd skogsveg. Deretter bratt opp til toppen og flatt innover til gapahuken på turmålet. Utsyn over Husnes og Husnesfjella.

Kontakt

Adresse:
  • 5450 Sunde i Sunnhordland
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Kaldestadåsen frå Podlen, Sunde?