Stad
Halsnøy, Landa.
Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Start-og sluttpunkt
Tømmerplass på sørsida av Landåsen
Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte mot Sydnes. Følg denne vegen 1 km til turskilt mot venstre. Parkering på tømmerplassen der, men parker slik at du ikkje hindrar oppkøyringa til åsen.
Merking
Informasjonstavle ved start. Skilta og T-merka.
Gradering
Grøn. Lett tur, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
50 - 209 moh.
Tidsbruk
1 - 1.5 time t/r.
Gode råd
Ein lett og fin trimtur.
Turomtale
Frå parkeringsplassen på skogsveg opp lia. Ta til høgre i det første skogsvegkrysset og også i det andre høgare oppe. God sti siste hundre meter frå skogsvegen opp til toppen.