Stad Halsnøy, Høylandsbygd Turkart Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Start-og sluttpunkt P-plassen. Parkering Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. P-plass 100 meter forbi krysset som fører ned til Halsnøy Verft, tett ved høgre side av hovudvegen. Merking Informasjonstavle ved P-plassen. Skilta og T-merka. Gradering Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 25 - 193 moh. Tidsbruk 1.5 time t/r. Gode råd Ta gjerne turen bortom utsiktspunktet Langheller, som ligg 15 meter til venstre når det byrjar flata ut mot toppen. Turomtale Frå P-plass gå langs hovudvegen sørover omlag 200 meter. Ta opp til høgre i første vegkrysset og følg gardsvegen til omlag 100 meter før endepunktet på Skato. Herfrå på sti opp til venstre over skrånande grasbakke. På den flate toppen av Svartaberg er oppsett solide kvilebenker, slik at ein kan nyta både nista og den flotte utsikten medan borna leikar på berget.

Kontakt

Adresse:
  • 5457
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Svartaberg?