Stad Uskedalen. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt Ved starten av skogsvegen opp lia på Øvre Haugland. Parkering Frå rv. 48 tek ein av på vegen skilta mot Musland. Etter ca 4 km er det P-plass ved grinda til skogsvegen. Merking Informasjonstavle ved P-plassen. Nødvendig skilting langs skogsvegen. T-merka frå der stien tek av frå enden av skogsvegen. Gradering Raud. Middels krevjande, 3 støvler etter DNT systemet. Høgdeskilnad 80 – 932 moh. Tidsbruk 5 timar t/r. Gode råd Frå Tverrfjell kan ein ein følgja T-merka ruter til Gråfjell og ned i Myklebustdalen, eller til Nonshaug og ned i Omvikdalen. Bruk fantasien for å leggja opp interessante turar. Turomtale Gjennom grinda følgjer ein skogsvegen ca 1 km opp til vegkryss med skilt mot venstre til Mannsvatnet og Tverrfjell. Følg skogsvegen til endes til skilt for stien opp gjennom bjørkeskogen. Over tregrensa følgjer ein merkinga over Hauglandsfjellet til Tverrfjell.

Kontakt

Adresse:
  • 5463
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Tverrfjell frå Uskedalen?