Stad Valen. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt Søsterheimen Valen sjukehus. Parkering Køyr inn på sjukehusområdet frå riksvegen og følg skilting 300 meter opp til Søsterheimen. Merking T-merka og skilta. Informasjonstavle ved start. Gradering Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 80 – 700 moh. Tidsbruk 4 timar t/r. Gode råd Turen til Vardhaugselet kan utvidast mot Vardhaugen og Mjelkhaug. Legg gjerne turen opp som rundtur om Nordfjell eller Olderbotnen. Turomtale Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen 200 m til vegdele. Derfrå kan ein gå til Vardhaugselet via Nordfjell eller Olderbotn. Ruta via Nordfjell går opp skogsvegen til venstre, som etter 1 km går over i sti til Kokkelberg og Nordfjell. Ruta via Olderbotn følgjer skogsvegen rett fram og går etter kvart over i dårleg veg og sti 1,5 km til hytta i Olderbotn 400 moh. Den opne hytta er ein fin kvileplass med flott utsikt. Lett vandring opp til skoggrensa og innover i flatare lende til Vardhaugselet. Ein reknar med at dei solide selmurane vart oppsette ca. 1860, og at det var stølsdrift her fram til 1905. Restaureringa er gjort av "Interesselaget for Varhaugselet", og selet er no ope for alle heile året.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no. 

Kontakt

Adresse:
  • 5451 Valen
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Vardhaugselet frå Valen?