Hopp til hovedinnhold

Stad

Førde i Sveio kommune

Turkart

Sveio  (1 : 50.000)

Start og sluttpunkt

Ved parkeringsplass v E39 (markert med eit stort sverd i tre), eller ved gravplassen nede i bygda (forbi butikken og ned mot Kaien). Det er og mogleg å parkera ved kyrkja og starte herfrå.

Parkering

Ved E39 eller parkeringsplass ved den gamle gravplassen.

Merking

Informasjonstavle på parkeringsplassen ved E39 (kjem 2018). Pilskilt ved startpunkt.

Gradering

Grøn

Høgdeskilnad

50 m

Tidsbruk

30 min - 1 t 30 min, avhengig av kva rute ein vel.

Sesong

Heile året

Utstyr og påkledning

Joggesko/tursko

Turskildring

Turvegnettet i Førde består av fleire samanhengande turvegar i sentrum av bygda.

Strandpromenaden, Elvastien, Lauvnesstien og Kyrkjestien Turvegane går gjennom gammalt, frodig kulturlandskap med mange minne frå tidligare tider. Alle er tilgjengelege med rullestol og barnevogn. Start frå "Sidespranget" nedanfor butikken i sentrum, frå parkeringsplassen ved den gamle gravplassen, eller frå parkeringsplassen ved Strando. Ved Kyrkjestien finst rester av bygda sitt første kraftverk. Lauvnesstien går nordover frå badeplassen Strando og forbi Rex Garden, til byggjefeltet på Lauvneset.

Rex garden Rhododendronparken er ein spesiell naturpark med mange tusen rhododendron og andre planter. Her er det òg treskulpturar av den lokale motorsagkunstnaren Kenneth Ravn Ottesen. Det er eit mylder av turstiar i parken. Ein del av dei er bratte og ikkje eigna for rullestol. Leikeplass øvst i parken.

Kjærlighetsstien Denne stien ligg på vestsida av bygda.  Ta til venstre opp bakken rett før kafeen på kaien, følg turvegen langs sjøen og vidare opp mot hovudvegen.

Skilting: Pilskilt ved starten av stiane. Informasjonsskilt ved E39 kjem (2018).

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Førde i Hordaland
  • 5555 FØRDE I HORDALAND
Telefon:
+47 53 74 80 00
E-post:
Nettside:
www.sveio.kommune.no

Fasiliteter

Total stigning:
  • 50m
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
Underlag:
  • Grus
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Turstiar i Førde-bygda?