Eit par hundre meter frå Turtagrø går stien over elva på ei fin, gamal trebru. Turen er merkt med vardar og raud T og startar på ein fin sti i lett terreng på flatene bortover mot sjølve Dyrhaugsryggen.

Litt etter brua møtest ei elv som kjem frå Helgedalen, Fanaråken og ei frå Skagastølsdalen. Stien kryssar elva frå Skagastølsdalen. Gå på steinane for å kome tørrskodd over. Oppover mot Dyrhaugsryggen går stien først i skarpe svingar bratt opp til venstre for fossen. Fleire stader er stien bygd opp av fine murar. Vel oppe den første kneiken får du sjå ei lita elv som går fossande kvit litt lenger oppe. Ei demning tek elva inn i tunnel for kraftproduksjon. Stien går over denne demninga.

Stien går vidare på høgre sida av elva, fram til nokre store steinar. Her skal du svinge til høgre og gå vidare slakt oppover mot Nedre Dyrhaug, der du kjem til eit lite vatn, ser nye tindar og får ei storslått utsikt vestover.

Nedover mot Skagastølen er stien dårlegare, og til dels bratt og våt. Ved Skagastølen er vegen merka attende til stien ein starta på, like under fossen. Følg så same rute attende til utgangspunktet.

Kontakt

Adresse:
  • Turtagrø
  • 6877
  • Luster
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Turtagrø - Nedre Dyrhaugsrygg - Turtagrø?