Hopp til hovedinnhold

Sommaren 2024 vil showromet ved Havila Hotel Geiranger vere fylt opp med noko av det beste innan norsk kunst og klokkemakeri. Vi er stolte av å kunne presentere kunstaren Cathrine Knudsen og klokkemakaren Øyvind VON DOREN Asbjørnsen.

Utstillinga med billedkunstner CATHRINE KNUDSEN på HAVILA HOTEL GEIRANGER, viser maleri, botaniske trykk, grafikk og keramikk. Knudsen har utsmykka kystruteskipet Havila Castor, og du kan sjå 36 av verka hennar i fellesområda på skipet. No kjem ho til Havila Hotel Geiranger med kunsten sin og vi så heldige å få vise den flotte kunsten hennar på Havila Hotel Geiranger i heile sommar.

I tillegg til maleria stiller Knudsen også ut keramikk og eit stort utval av grafikk, både tresnitt, litografi, etsingar, monotypi og botaniske trykk.
Cathrine Knudsen har hatt ei rekke separatutstillingar, mellom anna på Soli Brug, Bærum kunstforening, Galleri Fineart, Galleri Soon og Hamar Sagbladfabrikk. Arbeida hennar er innkjøpt av ulike store institusjonar og private samlarar.

Historie

Cathrine Knudsen har arbeidd som kunstnar i over 20 år og har fått ein solid posisjon i den norske kunstmarknaden. Naturen er hovedinspirasjon i kunsten hennar.

“I naturen kjenner kunstnaren på ei heilt eiga friheit. Denne friheita gir større tankerom og ein heilt eigen inspirasjon”, seier ho.

Bilda reflekterer stillheita i naturen og sakte forteljingar. Noko vert slite ned og noko vert bygd opp, på same tid, og dette dannar naturen sine eigne historier. Den kontinuerlege prosessen av forfall og fornying i naturen, med naturens poesi, skjørheit og stillheit, vert tolka i kunstverka.

I denne utstillinga viser Cathrine Knudsen nye oljemaleri der naturen har sett sitt preg på lerretet – også med kjende former frå Geiranger. I tillegg blir det fjell-silhuettar etter fleire turar til Svalbard. Det er også naturformer som lag på lag med store lønneblad, blad som fell, fjør, blomster, kløver og andre gjenkjennelege element frå naturen som blir gjengitt i lette, naturlege tonar. Oljemaling i fleire tjukke lag skaper ein kraftig djupneeffekt og gir ulike strukturar i overflata. Bladgull er lagt på nokre av verka som ein effekt av lys og reinheit og delikat enkelheit og ro går gjennom i alle bilda.

Knudsen vert til stades under opningshelga.
www.cathrineknudsen.com

Visninger

Havila Hotel Geiranger (Geiranger)
25. mai:
22. september:

Kontakt

Adresse:
  • Geirangervegen 22
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+4770263005
E-post:
booking.geiranger@havila.no
Nettside:

Hvor er Utstilling med billedkunstnar Cathrine Knudsen?