Flott fjelltur Vad - Fjellstova - Vad
Høgde
70 - 220 moh.
Estimert tid
3 timar.
Turkart
Stord/Fitjar
Startpunkt
Ved Vad- elvo, rett før garden Vad.
Parkering
Kjør ned til elva, parkering rett før brua. Infotavle ved P-plass, skilta og merka.
Gradering
Middels, blå
Start
Ved Vad- elvo, rett før garden Vad. Ta av frå E39 mot Lundsseter ca. 800m nord for Ådland bru. Følg denne 2 km og ta til venstre inn til Vad.
Turomtale
Følg vegen over elva, forbi garden ca. 100 m. Gå gjennom grinda til venstre og følg skogsvegen opp og over til Vatnadalen. Opp gjennom dalen til eit lite murhus, til høgre på sti opp liane. Følg vegen til neste kryss, her tek du stien rett fram til Fjellstova. På returen tek du same stien, men i fyrste stikryss tek du til venstre mot Hauglandskvedno. I liane her er det ein del gamal barlind. Hauglandskvedno er ei gamal gardskvern restaurert av Lions og Sunnhordland Folkemuseum. Frå Kvedno følgjer ein skogsvegen ned att til Vad.