Hopp til hovedinnhold

Skageflå er fjellgarden der verdsarven blei feira i 2006, og der det blei feira kongeleg sølvbryllaup i 1993.

Turen startar med båt ut Geirangerfjorden frå Geiranger. I Skagehola hoppar du i land og tek fatt på stien som smyg seg oppover i fjellsida. Terrenget er særs bratt, men på dei mest utsette partia er det hogd ut trinn i fjellet, og stien er sikra med rekkverk. Dette er ein mykje brukt tur, også av barnefamiliar, men mindre barn bør ikkje få gå åleine. Det tek ca. 45 minutt opp til Skageflå, og 2–3 timar vidare til Homlong.

Du passerer flotte utsiktspunkt undervegs, og oppe på garden er det reint majestetisk med utsikt utover fjorden og Dei sju søstrer (Knivselvane). Frå Skageflå (250 moh.) held stien fram i bratt og dels luftig terreng opp til Homlongsætra (544 moh.). Undervegs passerer du setertuftene på Bjønnastien.

Frå Homlongsætra til Homlong går det lett unna på ein sti som heile vegen går rett innanfor stupkanten mot fjorden. Langs stien er det fleire merkte kulturminne. Du går på eige ansvar. Vis omsyn til naturen og omgivnadene. Hugs drikke og godt fottøy, og ver varsam!

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo
  • Instagram logo

Geiranger Fjordservice

Se alle tilbudene til Geiranger Fjordservice

Priser

Fra:
NOK 530

Kontakt

Adresse:
  • Geiranger Fjordservice, Gjørvahaugen 35
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+47 70 26 30 07
E-post:
booking@geirangerfjord.no
Nettside:
www.geirangerfjord.no/hiking-tur-skagefla

Fasiliteter

Barnevennlig:
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Hvor er Vandretur Skageflå?