Hopp til hovedinnhold

Vegen går i frodig lauvskog og sjølvplanta furuskog opp gjennom utmarka. Etter kvart som vi stig oppover, får vi godt utsyn mot Fortunsdalen og fjella på andre sida. Her ser vi dei fråflyta fjellgardane Fuglesteg og Furåsen, og fjellstølen Lingane.

Gjerseggi er ein gammal gard, og finst i offentlege arkiv frå tildelg på 1300-talet. Etter svartedauden låg garden lenge ubrukt. Først om lag 1600 vart garden teken i bruk at. Garden leigde støl hjå Drægni på Ruskesete(vårstøl) og i Råsane(fjellstøl). I nyare tid hadde Gjerseggi ein vårstøl som låg lågare enn garden (om lag 200 meter over havet). (Posten står her)

Garden ligg bratt til under Bolstadnosi(Gjerseggnosi), og hausten 1968 kom det eit stort ras vest for husa. Raset stengde vegen til delar av innmarka og truga med å øydeleggja husa på garden. Naturskadefondet rådde familien til å flytta, og same året vart garden fråflytt. Etter eit par år var gardsdrifta heilt nedlagt.

Parkering:

Parker på plassen ved Vassbakken Kro og Camping, som ligg 3 km. frå Skjolden på fylkesveg 55 mot Lom.

Vegen:

Følg traktorvegenvegen frå parkeringsplassen mot elva. Sjå skilt. Gå over brua og rett fram gjennom grinda til utmarka. Følg traktorvegen til du er framme.

Kontakt

Adresse:
  • Lustravegen 4664
  • 6876 Skjolden
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Vandretur til Gjerseggi?