Hopp til hovedinnhold

Det som er eineståande med denne turen er at du blir tatt med frå sentrum av Sandane ved fjorden og opp i fjella gjennom ein skog med utsiktpunkt, opne hytter, leikeplassar, campar og Fosseteateret - ein utsiktsrampe som strekkjer seg ut i lause lufta ved toppen av den 80 meter høge Holvikfossen. Utsikta kan ikkje skildrast med ord... Stiane vi går på er bygde for hand, og steinane i trappene er lagde av Sherpaar frå Nepal. På turen nedigjen går tar vi ei lita pause i Draumekvila før vi går gjennom kjærleiksskogen til det utrulege området i og rundt TIN-camp. Tilbake i Sandane sentrum kan vi sjå oppigjen på fjellsida vi nettopp kom ned frå, og vi undrar oss korleis den kan skjule alt dette vi nettopp har opplevd

Informasjon
Kor tid: 1. mars - 31. oktober, kvar dag frå kl. 12 - 16.
Oppmøte; Varden utanfor Intersport, Sørstrandsvegen 6, Sandane
Tid og distanse: 4 timar, 4,5km, 400 høgdemeter
Minimum: 2 personar
Pris: 750kr
Alder: Minimum 10 år

Inkludert
Guide

Du ordnar
Passande klede for å vere fysisk aktiv i det aktuelle været og temperaturen.
Varmt mellomlag (til å ta på i pauser)
Liten ryggsekk (10-20 L)
fjellsko
Vassflask
Kamera

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Søstrandsvegen 6
  • 6823
Telefon:
98905946
E-post:
post@nordfjordaktiv.no
Nettside:
nordfjordaktiv.no/

Hvor er Vandring i Trivselsskogen