Kyrkja er bygd i tidleg gotisk stil, truleg med påverknad frå engelsk byggjekunst. Altertavla er frå er frå 1863, 2 ljosestakar frå 1637 og preikestolen frå 17. hundreåret og merka av renessansestilen. Både på preikestolen og i sakristiet finn ein dekorasjon som er slåande lik våpenmerket til den gamle Aurlandsætti (Soop-ætta).
Dei vakre glasmåleria er laga av Emanuel Vigeland som kalla kyrkja Sognedomen. Orgelet er ei gåve frå lensmann Ohnstad. Frå 1725 og fram til slutten på 1800-talet var denne kyrkja, som mange andre kyrkjer, i private hender. Aurland kommune kjøpte kyrkja attende for 500 kroner.
Fri inngang.
Arkitektur og kulturarv
Vangen kyrkje, Aurland
Vangen kyrkje er frå 1202. Kyrkja er reist av ei gamal stormannsætt som hadde hovudsæte i Aurland i Vikingtida og mellomalderen.
Kontakt
- Adresse:
- Vangen 16
- 5745 Aurland
- Telefon:
- +47 99 23 15 00
- E-post:
- post@sognefjord.no
- Nettside:
- leksikon.fylkesarkivet.no/article/c405c29d-3773-40b7-8e33-cb7764ca000e/