Hopp til hovedinnhold

Rundtur med aktivitetar for alle

Turen rundt Vassetvatnet i Langevåg byr på ein lett tilgjengeleg og familievenleg oppleving – med grøne lunger, fine badeplassar og mange koselege stopp undervegs. Her kan du kombinere tur med leik, bading, piknik og rolege stunder ved vatnet.

Stien går i ring rundt vatnet og passar for både gåande, syklande og dei som kjem ridande – berre vis omsyn til kvarandre. Store delar av ruta går på god grusveg, med noko asfalt innimellom. Langs løypa finn du fleire gapahukar, grillhytte, Tuftepark, frisbeegolf, picnicområde og ei flott badestrand med toalett ved Jentavika.

Aktivitetar på land og på vatn

Ved klubbhuset til Sula Jeger- og Fiskeforening kan du låne kano, kajakk og SUP gratis. Her finn du også grillhytte og brygge – og fiskemoglegheiter som òg er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Kaffivika og Jentavika er fine stopp for matpause eller ein dukkert i vatnet.

Praktisk informasjon

  • Startpunkt ved Langevåg IL sin stadion
  • God sti/veg rundt vatnet – høver for sykkel og barnevogn
  • Gratis parkering ved stadion eller Vassetvegen
  • Enkel tilgang frå Ålesund med hurtigbåt til Lerheimkaia
  • Toalett ved stadion og ved Jentavika
  • Grillhytte, badeplassar og leikeområde undervegs

Kontakt

Adresse:
  • Stadion - Langevåg idrettslag
  • Sula
Telefon:
+47 70 30 98 00
E-post:
info@visitalesund.com
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter
Underlag:
  • Grus

Hvor er Vassetvatnet - enkel rundtur i Langevåg