Hopp til hovedinnhold

Fjellplatået er nesten flatt på toppen og stuper bratt ned i havet. Området er kjent for skiftande og ekstremt vêr, frå speilblankt hav til storm og orkan, og sjøvegen rundt Stad er rekna som eit av dei mest vêrharde farvatna i Noreg.

Å vandre på Stadhalvøya er ei heilt eiga oppleving – her er ein høgt til fjells samstundes som ein har det opne storhavet rett framfor seg. På toppen finn du Vestkapp kafe, med store vindauge og utsikt som sjeldan er å sjå maken til.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
Telefon:
57874040
E-post:
booking@nordfjord.no

Hvor er Vestkapp