Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Stadlandet

Stadlandet er ei halvøy i Stad kommune. Halvøya er kjent for nydelige sandstrender, fantastiske surfeforhold, dramatisk vêr og unik kulturhistorie.

En kvinne sittende på huk på et surfebrett med ryggen til, ute i vannet.
© Saltnwax

Vestkapp

496 meter over Stadhavet, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære utsiktspunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. På fine dagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. Vestkapp er det vestlegaste fastlandspunktet i Norge, og er kjent for det beste og verste vêret. Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og skiftande vêr. Mange skip har enda ferda si i desse farevatn, og det gir oss mykje historie og spanande myter. I frå Sildegapet i sør til Ervik i nord, er det lokalisert heile 58 skipsvrak!

Med mykje gammal historie skal det også skrivast ny; Kystverket skal no bygge den aller første skipstunnel i verda, som skal gi skipa ein sikker seglas forbi Stadhavet.

Hoddevik

Hoddevik er ein av dei mest kjende surfeperlene i Norge. Den kvite sandstranda er omkransa av høge fjellsider, som skjermar stranda frå den verste vinden og gjer Hoddevik godt egna for surfing under ekstreme vindforhold. «Hårnålsvingane» ned til Hoddevik er nesten like kjend som stranda. Den spektakulære veien er eit ynda fotomotiv.

Ervik

Ytterst på Stadlandet finn du Ervik, ei lita bygd som rommar mykje historie og aktivitetar.

Ervik er også kjent for å vere ei av dei beste surfestrendene i Norge. Like ved den flotte sandstranda, finn du den særprega kyrkjegarden. Kapellet er til minne for DS Sanct Svithun som gikk ned i 1943. Skipet vart angripe og senka av allierte jagarfly og mange frå ervik risikerte livet for å redde passasjerane.

Selje og Selja Kloster

Om du vil ha ein åndeleg pause frå aktive naturopplevingar bør du ta turen til Selje og den heilage øya Selja, der kan du kjenne på stillheita i klosterruinane. Sankta Sunniva er Norges einaste kvinnelege helgen - og legenda om den heilage Sunniva er som eit eventyr. Øya Selja ligg 15 minutt med båt frå Selje. I Selje er prestegarden open for publikum og like ved ligg ei krittkvit sandstrand der lokalbefolkninga badar i havet heile året.

Et merkeikon

Les meir om Nordfjord

Les meir om kva du kan gjere i Nordfjord-regionen!

Oversiktsbilde over Knutholmen, tatt fra luften over sjøen

Ramsalt kystkultur

Fisking, sykling, padling, fjellturer, konfektlaging, spa eller kunstshopping - Bremangers skjærgård har mye å by på, både for aktive vestlandsturister og for dem som søker ro og stillhet.

Utsikt fra Oldedalen

På vandring i dalene - Vestlandets gjemte skatter

Dype daler mellom bjerg og tinder har gjennom alle tider vært vandrerens miljø. I dag er de gamle ferdselsveiene gjennom dalene et skattekart til opplevelser.

Les flere artikler om Nordfjord

Sjå og gjere på Stadlandet

Sjå kva du kan gjere på Stadlandet!

Opplev majestetiske Selja Kloster

Opplev majestetiske Selja Kloster

Folk har reist hit i over 1000 år, for å oppleve Norges første pilgrimsstad, med unik kultur frå vikingtida og middelalderen. På øya Selja, ligg Selja kloster, som vart bygd av Benediktinermunkar, tidleg på 1100-talet, til minne om St.Sunniva. Bli med på ei reise tilbake i tid!

Vestkapp

Vestkapp

496 meter over Stadhavet, på fjellplatået Kjerringa, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av Norge.

Dragseidet

Dragseidet

Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde Stadhavet, har sjøfarande frå forhistorisk tid slepe båtane over stokkar - derav navnet Dragseidet.

Alle aktiviteter tilknyttet Stadlandet

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i NordfjordSe på kartet

Overnatting og mat

Finn overnatting og spiseplassar på Stad.

Stad Hotell

Stad Hotell

Ein unik møteplass i storslått natur med historisk ramme rundt dei store hendingane i livet.

Vestkapp Restaurant

Vestkapp Restaurant

Vestkapp er kjend som det vestlegaste fjellplatået i Noreg, og ruvar 497 meter over det berykta Stadhavet. På toppen av Vestkapp finn du Vestkapp restaurant, med store vindauge slik at du kan nyte maten saman med den spektakulære utsikta.

Fru Inga Apartments

Fru Inga Apartments

Fru Inga Apartments tilbyr utleige av fire ferieleiligheiter i den nyrenoverte sjøboda i vasskanten på Stadlandet. Bygninga ligg på eige område 20 minutt frå Hoddevik og 2 minutt frå sentrum på Leikanger. Like ved sjøboda finn du Fru Inga bakeri & restaurant. Her tilbyr ein eit godt utval av bakerivarer, lunsj og middagsrettar. Staden har alle rettigheiter og dei kan og tilby møterom fasiliteter. Ferieleiligheitene har frå eitt til to soverom og har totalt 12 sengeplassar. Alle leiligheitene er fullt møblerte og utrusta med alt du og dine treng for å ha eit koseleg opphald. Sengetøy og handdukar er inkludert i prisen. Eige bad med dusj og eiga vaskemaskin for tøy. Alle leiligheitene har TV og fiber.

Alle overnattingssteder tilknyttet Stadlandet

Kommende arrangementer

Interessert i kystkultur?

Langs Vestlandskysten finn du mange interessante kystsamfunn.

Røvær

Røvær

Røvær er en øygruppe, 25 minutter med båt fra Haugesund sentrum. Øya er bilfri og har en befolkning på rundt 80 personer.

Utsira

Utsira

Utsira er en øy vest for Haugesund, og er Norges minste kommune i antall innbyggere. Øya er kjent for et rikt fugleliv og gatekunst i ypperste klasse.

Austevoll

Austevoll

I øyriket Austevoll kan du oppleve storslått kystnatur, milevis av oppmerka turløyper og smaksopplevingar i verdsklasse.

Bekkjarvik

Bekkjarvik

Bekkjarvik ligg på øyperla Austevoll sør for Bergen. I Bekkjarvik ligg og ærverdige Bekkjarvik Gjestgiveri som vart bygd på 1600-talet. Her har dei tatt imot gjester i over tre hundre år!

Værlandet og Bulandet

Værlandet og Bulandet

Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

Solund

Solund

Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.

Ona & Nordøyane

Ona & Nordøyane

Nord for Ålesund ventar øyane der kysthistoria lever vidare. Her sluttar vegen – og det gamle fiskeværet Ona lokkar med fyrlykt, fiskegarn og vind i håret.

Giske & Alnes

Giske & Alnes

Opplev livet langs kysten på Sunnmøre på nært hald, og det er like fascinerande sommar som vinter. Det er enkelt å kome seg til Giske, og andre stader med kysthistorie som for eksempel Ålesund, Ona og Runde.

Smøla

Smøla

Nord for Kristiansund finner du Smøla - et fantastisk sted for en aktiv ferie. Lokal kultur, havørner, holmer, skjær, padlemuligheter og det kjente fiskeværet Veiholmen, er bare noe av det som venter deg når du kommer til øya med det vakre lyset.

Hustadvika

Hustadvika

Hav, fiskevær og marmorgruver! Kjenn sjøbrisen kile deg i ansiktet, opplev autentisk kystkultur og utforsk mystiske marmorgruver – alt dette, og mer finner du i Hustadvika.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement