Hopp til hovedinnhold

Her er det «alt i ein fjord»: barna kan klatre på vikingskip i kamp mot Midgardsormen, utforske fjell og isbrear og prøve seg gjennom ei spennande hinderløype. Elementa er inspirert av vikingsverd, skjold, tau og fiskegarn – og gir ei leiken og aktiv oppleving.

Klarer du å springe opp bølgja som slår mot Selje kloster, eller sklir du ned igjen?

Her blir både styrke, balanse og koordinasjon utfordra – og vi oppmodar også foreldra til å vere med i leiken. Treng du ein pause, kan du slappe av med ein kopp kaffi frå resepsjonen medan barna held fram eventyret.

Tryggleik og praktisk informasjon:
For tryggleik må alle bruke klatresko eller innesko. Klatresko kan kjøpast i klatrebutikken eller leigast i resepsjonen (kr 50,-).
Alle barn må ha med seg ein ledsagar som har ansvar for tryggleiken under opphaldet.
Alle skal gjere seg kjende med «Trygt Barn-plakaten».

Aldersgrense: 3–12 år (med føresett/ledsagar)

Drop-in gir tilgang til heile Hamna Aktivitetssenter – inkludert buldrehall, barneklatring, treningssenter og gruppetimar.
Vi tilbyr også klatrebutikk og moglegheit for bursdagsfeiring.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Osvegen 22
  • 6770
Telefon:
413 65 547
E-post:
post@hamnatrening.no
Nettside:
hamnatrening.no

Hvor er Vikingkrigar | Hamna aktivitet og helse