Hopp til hovedinnhold

Oppdemminga av Zakariasvatnet med ei 96 meter høg betongdemning i 1968 representerte eit av dei største naturinngrepa i vårt område. Mellom anna vart tre gardar sette under vatn.
Demninga var i si tid den høgaste i Nord-Europa. Ved låg vasstand kan ein enno sjå murane etter dei neddemde gardane. Det er bilveg heilt fram til demninga, som i dag framstår som eit imponerande syn. Ein kan gå oppå demninga, og når Zakariasvatnet ein sjeldan gong er fullt slik at det blir sleppt vatn over demninga kan ein formeleg kjenne naturkreftene. Bak demninga er det plass til 70 millionar kubikkmeter med vatn, som blir brukt til å lage elektrisk kraft.

Zakariasvatnet har fått namn etter Zakarias Knudson Uri som drukna i vatnet hausten 1793, då hesten sprang ut og hamna i Rødalselva og begge vart førte ut i Zakariasvatnet. Før den tid vart vatnet kalla Nedstedalsvatnet.

Kontakt

Adresse:
  • 6213 Tafjord
Telefon:
70 10 00 00
E-post:
post@tafjordkonsern.no
Nettside:

Hvor er Zakariasdam?