Hopp til hovedinnhold

Spaserturen til Ryvarden kulturfyr

Turen ut til Ryvarden Kulturfyr startar i Mølstrevåg, og går på ein brei og grusa sti som passar for dei fleste. Frå parkeringsplassen tek det om lag 30 minutt å gå ut til fyret.

Ein tur til Ryvarden er ei oppleving uansett vêr. Her får du verkeleg kjenna naturkreftene på kroppen medan du vandrar langs havet. Hugs å kle deg etter vêret, for her kan det snu fort.

Fasilitetar

Det er mogleg å leiga fyrmeisterbustaden og overnatte heilt ute i havgapet. I helger, på heilagdagar og om sommaren er det dessutan utstillingar og kafé på fyret, perfekt for ein pust i vinden og ein kopp kaffi med utsikt mot storhavet.

Kontakt

Adresse:
  • Mølstrevåg
  • 5550
Telefon:
53 74 80 00
E-post:
ryvarden@sveio.kommune.no
Nettside:
ryvarden.no/
Bestill:
ryvarden.no/lokaler-for-overnatting/

#ryvardenkulturfyr #ryvarden

Følg oss:

  • Facebook

    Ryvarden Kulturfyr

  • Instagram

    Ryvardenkulturfyr