Frå Florø Terminal har rutebåten fleire avganger i løpet av dagen slik at du kan oppleve dei magiske øyane i Florabassenget. Du kan blant anna besøke den irrgrøne, grasdekte øya Kinn med Kinnakyrkja og Kinnaklova, reise til den sørlegaste og frodigaste øya Svanøy eller oppdage vakre Batalden.
Rutetider
Rutebåten som driftes av Norled går frå Florø Terminal og har daglege avgangar. På skyss.no eller på Norled sine heimesider kan du legge inn avreise og ankomst og kvar tid du ønskjer å reise, så vil du få opp alle rutetidene til den gitte destinasjonen.
Stjernestopp *
Enkelte stopp, slik som på Kinn, er såkalla stjernestopp. Du må difor førehandstinge rutegåande båt før den har avgang frå Florø. Du kan bestille båten på tlf +47 94 83 86 99.