Hopp til hovedinnhold
Bestill

Fly til Sunnhordland via Stord lufthamn

Skal du reise til Sunnhordland med fly? Stord lufthamn (SRP) er den lokale lufthamna for regionen og ligg på vestsida av Stord, om lag 18 minutt med bil frå Leirvik sentrum. Flyplassen er eit praktisk utgangspunkt for vidare reiser til opplevingar i Sunnhordland.

Direktefly mellom Stord og Oslo

Det danske flyselskapet DAT (Danish Air Transport) opererer den faste flyruta mellom Stord og Oslo lufthamn Gardermoen. Ruta har fleire avgangar kvar veke og gjer det enkelt å reise mellom Austlandet og Sunnhordland – både for korte opphald og lengre feriar.

Enkel start på reisa

Stord lufthamn er ei oversiktleg lufthamn med rask innsjekk og gratis parkering. Reiser du med elbil, finst det moglegheit for å lade bilen medan du er på reise.

Meir informasjon

Du finn oppdaterte rutetider, prisar og praktisk informasjon på www.stordflyet.no.

Har du spørsmål, kan du kontakte Stord lufthamn på telefon 53 40 37 00 eller ta kontakt med reisebyrået ditt.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Flyplassvegen 344
  • 5410 Sagvåg
Telefon:
53 40 37 00
E-post:
billett@stordlufthamn.no
Nettside:
www.stordlufthamn.no/

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Stord Lufthamn