Skip to main content

Overnatting tett på naturen

På Christineborg Gjestehus bur du komfortabelt midt i den unike naturen på Runde. Her vaknar du til frisk sjøluft, fuglesong og utsikt mot hav og fjell – eit perfekt utgangspunkt for å oppleve alt øya har å by på.

Rom for par, familiar og grupper

Christineborg Gjestehus tilbyr 17 rom med frukost inkludert. Romma passar både par, familiar, vennegjengar og mindre grupper. Fire av romma er romslege familierom med plass til opptil seks personar (dobbeltseng og fire køyeplassar), medan dei øvrige romma er dobbeltrom med eige bad.

Samlingar og arrangement på Runde

Christineborg eignar seg også godt for sosiale samankomstar som jubileum, familiesamlingar, venetreff og andre markeringar. Etter avtale kan Christineborg tilby servering til ulike arrangement og møte.

Opplev Runde

Frå Christineborg er det kort veg til dei mest kjende opplevingane på Runde. Den spektakulære turen til fuglefjellet gir deg moglegheit til å oppleve lundefugl og eit rikt fugleliv i sesongen. På guida turar får du også høyre historier om naturen, kulturen og livet på øya.

Like i nærleiken ligg Runde Miljøsenter, der du kan lære om den verdskjende Rundeskatten frå det nederlandske skipet Akerendam, som forliste utanfor Runde i 1725. Gjennom Opplev Runde kan du bestille guida turar, naturaktivitetar og andre opplevingar som gjer opphaldet endå meir innhaldsrikt.

Ta gjerne kontakt for prisar, tilgjenge og hjelp til å planleggje opphaldet på Runde.

Opplev Runde

See everything Opplev Runde has to offer

Contact

Address:
  • Langeneset 28
  • 6096 Runde
Phone:
+47 70 08 08 00
Email:
post@christineborg.no
Website:
www.christineborg.no/en

Facilities

Family-friendly:
Parking:
Common area:

Where is Christineborg