Stad Uskedalen. Turkart Folgefonnna Nasjonalpark. Start- og sluttpunkt Busslomme på rv. 48 ca 150 meter nord for bensinstasjonen, mot Rosendal. Parkering Ved Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen. Merking Informasjonstavle ved busslomma. T–merka og skilta. Gradering Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 20 - 600 moh Tidsbruk 4 timar t/r Gode råd Ein kan gå langs vestsida av Mannsvatnet til ungdomslagshytta Fjelly, og vidare inn til den idylliske Vatnastølen med to restaurerte stølshus. Alternativ retur kan vera den merka ruta ned til Øvre Haugland, sjå oversiktskart. Turomtale Følg grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug. Lett gange frå Storhaug inn til Mannsvatnet. Legg merke til dei karakteristiske moreneryggene.  

Kontakt

Adresse:
  • 5463
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:

Hvor er Tursti til Mannsvatnet?