Stad Uskedalen. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt Busslomme på Rv. 48 ca 150 meter nord bensinstasjonen, mot Rosendal. Parkering Ved Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen. Merking Informasjonstavle ved busslomma. T–merka og skilta. Gradering Raud. Middels krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 20 – 900 moh. Tidsbruk 5 timar t/r. Gode råd Lite drikkemoglegheiter før ein nærmar seg toppen. Frå Solfjell kan ein gå austleg ned til Mannssvatnet. Turomtale Følg grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug.Frå Storhaug og inn mot Mannsvatnet kan ein sjå dei karakteristiske moreneryggene. Ta av frå stien til Mannsvatnet ved skilt til Solfjell. Bratt stigning siste del av turen. Vakkert utsyn i alle retningar frå toppen.

Kontakt

Adresse:
  • 5463
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Solfjell?