Stad Husnes

Turkart Folgefonna nasjonalpark.

Startpunkt og parkering Ved Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes

Merking T-merkt og skilta

Gradering RAUD – Krevjande

Høgdeskilnad 25-770 moh

Tidsbruk 6 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg Turlengde fram: 6,0 km

Gode råd Svartavatnet er drikkevatn for Halsnøy, Valen, Sunde og Husnes, så her er det ikkje lov å bada. Sjå også ruter frå Herøysund:  www.tursti.kvinnherad.no

Turomtale Frå Bremstølsvatnet følgjer ein sti på vestsida vidare via Sundstølsvatnet og innover i relativt flatt lende til Svartavatnet. Her er det kvilebu som er open for alle.

Frå Svartavatnet kan ein gå til Manen 1.013 moh., Englafjell 1.200 moh. eller ein rundtur til Mjelkhaug 1.005 moh. og derfrå ned via Vardhaugselet/Nordfjell eller Bremstølsvatnet.

Svartavatnet er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no. 

Kontakt

Adresse:
  • 5460
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no/

Hvor er Tursti til Svartavatnet frå Husnes?