Skip to main content

Dette er ein tur som passar for alle aldersgrupper, enkel- og lett framkommeleg, du kan anten bruke skogsstien eller ein tilrettelagt grussti. Benkar er sett ut langs grusstien. Du får ei flott utsikt over fjell, fjord og øyar ute i havgapet når du når toppen 425 moh.

Ruteskildring

Følg vegen mot Ramstaddal, køyr framover Dalevegen til eit kryss som viser Haugsetvegen. Deretter følgjer du skiltet til Statnett, når du kjem opp på flata er der ein parkeringsplass på høgre side av vegen, her startar grusstien. Går du i frå parkeringa oppe ved Statnett er der laga ein fin grussti heile vegen opp. Du kan og velje å parkere lenger nede, der står det eit skilt der naturstien startar på høgre side av vegen, stien er godt synleg heile vegen opp. Det kan av og til vere litt vått sidan der er ein del myr, men med gode sko går det fint.

Contact

Address:
  • Heiane
  • 6230 Sykkylven
Phone:
+47 70 12 58 04
Email:
dnt.sunnmore@dnt.no
Website:
ut.no/turforslag/1112647/fagrefjellet

Facilities

Family-friendly:
Total ascent:
  • 425m
Level of difficulty:
  • Easy (green)
Distance:
  • 5.3km
Duration:
  • Short (0.5-3h)
Surface:
  • Gravel
Terrain:
  • Mountain area
  • Forest area

Where is Mountain hiking on Fagrefjellet in Sykkylven?