Naturrettleiaren gir deg eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, lokalhistorie frå øya – og historia om den ekte gullskatten frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.
Denne turen er på forespørsel for grupper i sesongen april - juli
Du reiser med hurtigbåt og buss til Runde Miljøsenter, der ein dyktig naturrettleiar tek imot og viser deg rundt i utstillinga. Etterpå får du sjå filmen Havets sølv – ein flott naturdokumentar om lundefuglane og økosystemet dei er ein del av her på Runde. Omvisinga blir avslutta med middag før turen går vidare til fuglefjellet.
Turen opp til fuglefjellet tek om lag 45 minutt. Undervegs er det mykje å sjå og oppleve, med fleire stopp på ruta. Oppe på fuglefjellet får du god tid til å sitje og nyte utsikta og dei fantastiske sjøfuglane. Med litt flaks kan du avslutte kvelden med at sola går ned i havet medan lundefuglane svermar i lufta over hovudet ditt.
Etter turen går bussen tilbake til hurtigbåtkaia for retur til Ålesund.
Praktisk informasjon
Turen startar frå Ålesund med hurtigbåt kl. 15:55 til Hareid. På Hareid ventar privat transport som fraktar deg vidare til Runde. Etter fjellturen går same transport tilbake til Hareid for korresponderande hurtigbåt. Ankomst Ålesund kl. 23:15.
Dette er inkludert
- Privat busstransport Hareid–Runde tur/retur
- Inngang til utstillingane på Runde Miljøsenter og visning av naturfilmen Havets Sølv
- Husets fiskesuppe med heimbaka brød, kaffe/te
- Transport frå Miljøsenteret til starten av stien til fuglefjellet
- Naturrettleiar på tur til fuglefjellet og lundeura
- Sitteunderlag og kikkert til utlån
Ikkje inkludert: Båttransport Ålesund–Hareid tur/retur.
Hugs: Kle deg etter vêret. Vasstette sko, vind-/regnjakke og varme klede blir tilrådd.