Aarflot sin kunnskapstørst var vid: frå praktisk jorddyrking til teoretisk astronomi. Kunnskapen skulle delast og formidlast vidare. Han vart lærar og lensmann, og han grunnla både bibliotek, trykkjeri og avisa Norsk Landboeblad. Avisa kjem framleis ut i Volda, under namnet Møre.

Historia

Sivert Aarflot (1759–1817) vart fødd inn i ei tid og eit samfunn der det fanst grobotn for lærdom og litteratur. Lesekunna var godt etablert, og den positive haldninga til opplysning og bokleg lærdom vart forsterka då presten Hans Strøm kom til Volda i 1764. Strøm la stor vekt på dei rasjonelle danningsideala i opplysingstida, og hovudverket hans, Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, vart eit føredøme for slike framstillingar i samtida. Tankane til Strøm kom til å prege både Sivert Aarflot og seinare Ivar Aasen.

Aarflot førte vidare denne lærdomstradisjonen på fleire måtar. 19 år gamal vart han omgangsskulelærar i Ørsta, men opplysningsarbeidet skaut verkeleg fart då han kjøpte garden Ekset i Volda i 1797. Her etablerte han i åra 1797–1809 bibliotek, postopneri, trykkjeri og bokhandel. Hovudverket hans var likevel Norsk Landboeblad, som kom ut i åra 1810–1816. Her skreiv og publiserte Aarflot opplysningsstoff retta mot den lesande allmugen. Nedslagsfeltet vart stort, avisa hadde om lag 600 tingarar.


Ope: Kvar torsdag kl. 12-16.
Museet er elles ope etter avtale gjennom året. Ta kontakt!

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Schedule

Other days: Open by appointment

Monday:
Closed
Tuesday:
Closed
Wednesday:
12:00–16:00
Thursday:
Closed
Friday:
Closed
Saturday:
Closed
Sunday:
Closed

Prices

Adult:
NOK 70
Group 10+ (per person):
NOK 50
Children:
Free

Contact

Address:
  • Viti Musea, Sivert Aarflot vegen 16
  • 6104 VOLDA
Phone:
+47 70 23 90 00
Email:
post@vitimusea.no
Website:
www.vitimusea.no/musea/sivert-aarflot-museet

Facilities

Toilet:

Where is Sivert Aarflot museum?