Skip to main content

Som perler på ei snor finn du dei flotte områda i Volda. Frå små bygder med særpreg til større tettstadersom Volda og Grodås. Dei små bygdene kan freiste med alt frå lokale museum til flotte turar enten du er åleine, på tur med familien eller med vener. Utfordre deg sjølv med ein topptur i spektakulær natur, eller einenklare tur med familien i Bjørkedalen og sjå på vikingeskipet.

Kort fortalt finn du 4 fjordar, 5 innsjøar og utallegefjellturar! Eit yrande studentliv med alt frå lærarutdanning, film & animasjon og naturbasert reiseliv. For ikkje å snakke om populære festivalar som Dei Nynorske Festspela, og Indiefjord. 

Attraksjonar

Paddene i Austefjorden er og blitt ein attraksjon, ynglestaden for ein av dei største paddebestandane i Europa. For å bygge Kvivsvegen så måtte dei faktisk gjeretilpasningar for å ta vare på paddene, som resulterte i “paddetunnelar” under vegen. På rasteplassen kan du og møte paddestatuen på heile 4 tonn!

Bygdekulturen står sterkt i regionen og musea i området viser alt frå billedhuggere, bygningar og fyrhistorie.

Sesongar & årstider

Sommarhalvåret kan by på fantastiske turar og kjekke aktivitetar. Men ikkje undervurder vinteren. Volda har fleire skisenter å vise til, i tillegg til flotte områder med muligheter for turar. Men som dei fleste kystområda, så kan det til tider bli mykje vêr, så hugs varme klede.

Korleis kjem du deg til Volda?

Nærmaste flyplass er Ørsta/Volda Lufthamn Hovden - få minutt unna med gode innanlands ruter.
Gode bussforbindelser til/frå flyplass, Ålesund og Nordfjordeid. Bussruter og tider finn du på www.frammr.no.
Bil er kanskje den enklaste måten å kome seg rundt på. Opplev dei ulike bygdene med å køyre spektakulære vegar og tunnelar, og ikkje minst nyt ei svele på ei av fergene i regionen!

Upcoming events