Hopp til hovedinnhold

Smakar frå gard og fjord

Her ventar ei smakoppleving med lokale råvarer i sentrum. Her får du servert fem ulike sidrar frå Skarbø Gard, kvar nøye sett saman med utvalde ostar frå eige ysteri og spekemat frå Stranda og Tind.

Kombinasjonen av sider, ost og spekemat gir eit innblikk i både mattradisjonar og handverk frå regionen.

Historia bak smaken

Under smakinga får du lære meir om korleis sideren blir laga, frå epla i frukthagen til det ferdige produktet i glaset. Du får omvisning i sideriet, og høyre historia om Skarbø Gard og arbeidet med å utvikle sider og ost av eigne råvarer. For dei som ønskjer alkoholfrie alternativ, finst det sjølvsagt gode alternativ baserte på garden sine eigne produkt. Born er velkomne.

Før og etter smakinga kan du besøke landhandelen i første etasje og handle med deg sider, ost, spekemat og andre lokale spesialitetar.

  • Facebook logo

Skarbø Gard

Se alle tilbudene til Skarbø Gard

Tider

september 2026

16. september

Kontakt

Adresse:
  • Allmenningen 1, 2. etg.
  • 6200 Stranda
Telefon:
90 78 18 81
E-post:
post@skarbogard.no
Nettside:
www.skarbogard.com/sidersmaking

Fasiliteter

Lokalmat:
Toalett:

Hvor er Sidersmaking i Skarbø Sideri