Hopp til hovedinnhold

På Skarbø Gard på Stranda har det vore både mjølke- og fruktproduksjon i mange generasjonar. I dag er der både sideri og ysteri på garden, der eigne råvarer vert foredla fram til kvalitetsprodukt med kjærleik. Odelsjenta Kristine og spanjolen Carlos kombinerer lang tradisjon og internasjonal inspirasjon til å skape herlege smaksopplevingar.

Ost, sider og eplemost

Med den gode, ferske mjølka frå kyrne på Skarbø, vert det ysta smakfulle, prisvinnande ostar. Mjølka er upasteurisert, og osten får dermed ein heilt unik aroma som speglar den frodige naturen.

På Skarbø Gard vert det produsert sider og eplemost av eple frå eigne, økologiske frukthagar. Produksjonen byggjer på råvarer frå garden og lange tradisjonar for fruktdyrking og foredling.

Sidersmaking og utsal

Alle produkta frå garden, og fleire lokale godsaker, finn du på Skarbø Sideri & Landhandel i Allmenningen 1 på Stranda.

Ynskjer du å prøve sidrane kombinert med dei beste skinkene og ostane frå Stranda, kan du vere med på sidersmaking med Strandatapas på utvalde datoar i sommar.

Omvising og grupper

Skarbø Gard og Skarbø Sideri & Landhandel tek også imot grupper til omvising, smaking og servering etter avtale.

Flott utsikt over fjord og fjell frå Skarbø Gard, omkransa av blomster og trær.
© Skarbø Gard

Kontakt

Adresse:
  • Bygdavegen 335
  • 6200 Stranda
Telefon:
+47 907 81 881
E-post:
post@skarbogard.no
Nettside:
www.skarbogard.no

Følg oss:

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram