Smakar frå Stranda og Sunnmøre
Inne på Landhandelen kan du nyte fersk bakst, lokal is, god cappuccino og frisk eplemost – enten du finn deg ein plass ute eller inne. Hyllene er fylte med smakfulle matminne frå Stranda og bygdene rundt, med spekemat, marmeladar, honning, sjømat, kaffi og andre lokalproduserte varer.
Her finn du også eit utval lokalt handverk og bøker. Dette er ein koseleg møteplass der du kan ta ein pause, nyte lokale smakar og oppdage det beste frå området.
Meir enn ein landhandel
I andre etasje over landhandelen ligg Skarbø sitt mikrosideri. Her blir det arrangert sidersmakingar på utvalde datoar gjennom sommaren, og for grupper på førespurnad resten av året. Sidersmaking og Strandatapas kan bestillast som ei eiga oppleving.
