Utleige av moderne feriehus og båtar på Bømlo
Hos Fjordtun leiger du direkte frå huseigar utan fordyrande mellomledd. Fjordtun har 10 ulike rorbuer av ulik storleik der du kan tilbringa draumeferien din i kanskje Noregs vakraste skjergard. Dei tilbyr 12 gode og sjødyktige båtar tilpassa både dagsturar og fiske.
Her er det mange nøgde stamgjestar som kjem tilbake kvart år, små og store fiskegrupper, men også mange familiar. I vinterhalvåret er det mogleg for langtidsutleige til verksemder og andre.
På heimesida til Fjordtun finn du detaljert presentasjon av hus og båtar med tekstar, foto, videoar og prisar.
Feriehus og plassering
Feriehusa har ulik storleik, og passar til grupper frå to til åtte personar.
Bryggekanten Gul, samt Captain Suite, ligg lunt til innerst i den idylliske Innværfjorden på austsida av Bømlo.
Dei 4 Westside Lodges ligg i skjergarden ut mot havet på vestsida.
På begge stadane ligg husa nær kvarandre og passar difor også for større grupper som ynskjer fleire hus.
Båtliv og fiske
Fjordtun leiger ut båtar både til hyttegjestar og til andre som ynskjer ein båt- eller fisketur på havet eller blant dei over 1.000 holmane og skjera rundt Bømlo.
Båtane ligg fortøyd ved flytebrygger like framfor hyttene. Herifrå er det kort veg til gode fiskeplassar. Alle båtane er gode, sjødyktige og 18 fot eller større. Dei er alle breie og stødige.
Alle har fiskestang-haldarar, ekkolodd med GPS og kartplotter. Symjevestar og anker er sjølvsagt inkludert.