Hopp til hovedinnhold

Ein smak av Sunnmøre

Midt i Geiranger finn du Fiskekakebuda – ein liten stoppestad med stor smak. Her blir det servert saftige steinbitkaker handlaga på Sunnmøre, laga av gode norske råvarer og med røter i norske mattradisjonar. For mange nordmenn er dette smaken av barndom, men for besøkande er det ei ekte og kortreist smaksoppleving frå fjordregionen.

Raskt, enkelt og velsmakande

Steinbitkakene kan nytast slik dei er, eller serverast i focaccinabrød for eit smakfullt måltid på farta. Er du ekstra svolten, kan du legge til potetstappe og få eit meir mettande måltid. Fiskekakene eignar seg også godt som turmat, og mange vel å kjøpe med seg ekstra til seinare på dagen eller til måltid heime.

Praktisk informasjon

Fiskekakebuda ligg i Geiranger sentrum, med inngang frå gågata. Her får du servert ferske steinbitkaker gjennom sommarsesongen – eit enkelt og smakfullt stopp mellom fjordopplevingane.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

eMobility

Se alle tilbudene til eMobility

Tider

juni 2026

18. juni

11:30 - 18:00

Kontakt

Adresse:
  • Geirangervegen 10
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+47 92 07 78 88
E-post:
fisk@emob.no
Nettside:
emob.no/fiskekaka/

Fasiliteter

Take-away:
Tradisjonsmat:
Barnevennlig:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Fiskekaka Geiranger