Hopp til hovedinnhold

Opplev fjord og by på nye måtar

eMobility er ein lokal opplevingsleverandør med aktivitetar i både Geiranger og Ålesund. Selskapet er særleg kjent for sine små elektriske bilar, som gjer det enkelt å utforske omgjevnadene i eige tempo. Med GPS-basert lydguide får du historier og lokal kunnskap undervegs, samtidig som du kjem tett på både natur- og kulturattraksjonar.

Frå verdsarv til kystby

I Geiranger tilbyr eMobility opplevingar på både land og sjø, med aktivitetar som gir nye perspektiv på UNESCO-verdsarven og det spektakulære fjordlandskapet. I Ålesund står dei elektriske bilane i sentrum, og gir ein annleis måte å oppleve jugendbyen, utsiktspunkta og områda rundt byen på.

For grupper og bedrifter kan eMobility også tilby skreddarsydde opplegg og båttransport på førespurnad, tilpassa ønskje og behov.

Med fokus på berekraft

Gjennom bruk av elektriske køyretøy og opplevingar med låg påverknad på naturen ønskjer eMobility å bidra til eit meir berekraftig reiseliv. Målet er å gi gjestene minneverdige opplevingar med minst mogleg avtrykk – enten dei utforskar Geirangerfjorden, Ålesund eller den vakre naturen på Sunnmøre.

Praktisk informasjon om bilane

  • Plass til 2 personar
  • Føraren må ha førarkort for personbil (må framvisast)
  • Føraren må vere fylt 18 år, passasjer min. 15 kilo
  • Guide språk: norsk, engelsk eller tysk

eMobility bilen kjører ned fra Aksla med panoramautsikt over Ålesund by.
© eMobility

Kontakt

Adresse:
  • Geiranger Sentrum
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+47 455 00 222
E-post:
post@emob.no
Nettside:
emob.no/

Se og gjøre