Hopp til hovedinnhold
Bestill

Denne turen tek deg med på ein rundtur innom fleire av dei mest spektakulære attraksjonane i Geiranger-området. Først går turen oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på ei trone og nyte utsikta mot fjorden. Deretter går ferda opp bakkane til fjellgarden Vesterås, som har ei praktfull utsikt over fjord og fjell. Kanskje kan det smake med ein vaffel, ein kopp kaffi eller lunsj mens du er på Vesterås?

Når du har funne roa her oppe blant sau, geit og lama, går turen vidare ned i det travle bygdesenteret i Geiranger, utover langsmed fjorden og opp dei elleve hårnålssvingane på Ørnevegen mot utsiktspunktet Ørnesvingen. Her kan du nyte ei storslått utsikt mot fjorden og fossefalla Dei sju systrene. Ruslar du nokre få minutt vidare frå Ørnesvingen, finn du Unesco-plaketten og ein sti som fører til eit anna vakkert utsiktspunkt, litt unna trafikken. Kanskje kan det vere godt å sitje litt her, for verkeleg å «kjenne» på utsikta og den evige fjorden.

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo
  • Instagram logo

Priser

1 bil, 2 personer:
NOK 1 600

Kontakt

Adresse:
  • Gjørvahaugen 35
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+47 455 00 222
E-post:
post@emob.mo
Nettside:
emob.no/

Fasiliteter

Audioguide:

Hvor er Opplev Geirangers highlights med emob?