Hopp til hovedinnhold
Bestill

Midt i hjartet av verdsarven

Eit fjordcruise på Geirangerfjorden er ein av dei beste måtane å oppleve dette verdskjende fjordlandskapet på. Frå båten kjem du tett på dei bratte fjellsidene, dei djupe fjordarmane og dei fråflytta fjordgardane Skageflå og Knivsflå som klamrar seg fast høgt over fjorden.

Undervegs glir du gjennom UNESCO-verdsarven omgitt av majestetiske fjell og eit landskap som har fascinert reisande i generasjonar.

Naturattraksjonar langs fjorden

Frå sjøsida får du den beste utsikta til nokre av Geirangerfjordens mest kjende naturattraksjonar. Dei sju systrene, Friaren og Brudesløret kastar seg ned fjellsidene og skapar eit av dei mest fotograferte motiva i Fjord Norge.

Med fjorden som utsiktspunkt kjem du tett på naturkreftene, samtidig som du får panoramautsikt mot fjell, fossar og grøne dalsider. Turen passar for både familiar, par og venegjengar som ønskjer å oppleve Geiranger i eit roleg tempo.

Praktisk informasjon

  • Avgang frå Geiranger sentrum
  • Passar for alle aldrar
  • Utsikt til De syv søstre, Friaren, Brudesløret og historiske fjordgardar
  • Ei komfortabel og naturnær oppleving i UNESCO-verdsarven

eMobility

Se alle tilbudene til eMobility

Tider

juni 2026

09. juni

09:00 - 11:00Bestill
15:00 - 17:00Bestill

Priser

Fra:
NOK 8 800

Kontakt

Adresse:
  • Geiranger Marina
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+47 455 00 222
E-post:
post@emob.no
Nettside:
emob.no/fjordcruise-geirangerfjorden/

Fasiliteter

Med guide:
Toalett:
Barnevennlig:
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)

Hvor er Fjordcruise på Geirangerfjorden