Hopp til hovedinnhold

Myrdal Gård ligg 250 meter o.h. på den vakre øya Tysnes, i Vestland fylke. Det tar 10 minuttar å kjøre frå ferjekaien i Våge.
Jasper og Nynke van Schaik tok over garden då dei flytta hit frå Nederland i 2013. Den berømte nederlandske ostetradisjonen kombinerer dei med utsøkte lokale råvarer. Myrdal Gård har et lite ysteri der det produserast forskjellige ostar av både ku- og geitemelk. Entusiastiske osteelskarar i ysteriet sørger for at ingrediensane held ypperste kvalitet og blir behandla etter dei strengaste hygieniske krava. Ostane blir modna ved perfekt temperatur og luftfuktighet for å få fram heile smakspotensialet. Ulike Myrdal-ostar har fått fleire medaljar i VM dei siste åra.

Myrdal ost blir seld i utvalgte daglegvarebutikkar og spesialbutikkar i heile Norge.

Gårdsbutikken er open i vår- og sommarsesongen.

Opningstider 2026

Opningstider mai

2. - 3. mai kl. 12:00-18:00

9. - 10. mai kl. 12:00-18:00

14. - 15. og 16. mai kl. 12:00-18:00 (17. mai stengt)

23. - 24. og 25. mai kl. 12:00-18:00

30. - 31. mai kl. 12:00-18:00

Opningstider juni

6. - 7. juni kl. 12:00-18:00

13. - 14. juni kl 12:00-18:00

Opningstider frå 20. juni -16. august

Ope onsdag - søndag kl. 12:00-18:00 (fredagar og laurdagar ope til kl kl. 20:00)

Øvrige opningstider i august

22. - 23. august kl. 12:00-18:00

29. - 30. august kl 12:00-18:00

Opningstider september

5. - 6. september kl. 12:00-18:00

12. - 13. september kl. 12:00-18:00

19. - 20. september kl. 12:00-18:00

26. - 27. september kl. 12:00-18:00

I butikken kan du kjøpa den prisvinnande osten, iskrem, yoghurt, forskjellige bakevarer, steinovnsbakt pizza med ingrediensar og medalje-ost frå garden – i tillegg til mykje meir lokal mat. Du kan spise i den koselige låve-restauranten ved sida av pizzaovnen, i den solfylte hagestova med utsikt mot fjell på Tysnes, ute på terrassen på den komfortable loungesofaen eller på piknik-bord midt ute på bakken. Atmosfæren er uformell og vennlig med fokus på god stemning og god mat.

Frå Myrdal Gård starter sherpastien opp til det høgaste fjellet på Tysnes: Tysnessåto, som ligg 753moh. Turen til toppen tar ca. 2 timar, og Myrdal Gårdsbutikk er ein fin stad å starte turen, ein enno bedre stad å kvile etter turen, men også ein bra stad å vere og sjå på dei som tar turen.
Etter avtale er det mulig å få omvisning i ysteriet og på garden. Eventuelt i kombinasjon med ostesmaking og eit måltid i gardsbutikken. Ta kontakt for meir info.

Aktuell informasjon om opningstider finn du på websida eller Facebook-sida til Myrdal Gård.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Tider

mai 2026

25. mai

Kontakt

Adresse:
  • Myrdalsvegen 202
  • 5690 Lundegrend
Telefon:
955 28 264
E-post:
post@myrdalgard.no
Nettside:
www.myrdalgard.no/

Fasiliteter

Lokalmat:
Vegetar:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Myrdal Gård